Din handlevogn er tom

Glimt frå bygningshistoria på Skrivargarden

Dørene åpner kl 16:00

Glimt frå bygningshistoria på Skrivargarden
Arrangør
Skrivarens Venelag
Dørene åpner 08.11.2026 16:00
Sted
Hesthamar skrivargard
Kenneth Bratland (f. 1977) er historikar og arbeider som
seniorrådgjevar ved Nasjonalarkivet i Bergen (tidlegare
Statsarkivet i Bergen):
“Skrivargarden på Hesthamar har ein lang og spanande
historie. I dag står det gamle huset som eit prakteksemplar.
Men slik har det ikkje alltid vore. For å forstå garden si
historie er det viktig å sjå på kjeldene til bygningshistoria. Eg
vil i dette foredraget sjå på eldre kjelder til bygningshistorie
og tar utgangspunkt i to døme. Eitt døme er at husa på
Hesthamar var i forfall tidleg på 1700-talet. Det manglande
vedlikehaldet enda i 1720-åra som ei rettssak mellom
sorenskrivar Jens Fabricius og folket i Hardanger. Saka kom
opp til Bergen Lagting (forløparen til Gulating) i 1729. Eitt
anna døme er branntakstane (forsikring). I 1850-åra vart det
halde to branntakstar over husa på Hesthamar.”

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00.
Det er open kafé.
Foretaksnavn Skrivarens Venelag
MVA 913043758

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).