Din handlevogn er tom

Countrykveld på Dombås Hotell / Martine Haugen

Dørene åpner kl 19:30

Utsolgt
Countrykveld på Dombås Hotell / Martine Haugen
Arrangør
Martine Haugen
Dørene åpner 03.10.2026 19:30
Slutt 03.10.2026 20:30
Programstart 20:30
Aldersgrense 20
Sted
Dombås Hotell
Nettside https://www.martinehaugen.no/

Martine Haugen tek med seg bandet sitt, The Broken Hearts, når ho skal feire sleppet av sitt debutalbum på heimebane. Dette blir ein kveld for dei som saknar god gamaldags dans på lokalet, dei som elskar countrymusikk, dei som er nysgjerrige på countrymusikk, dei som ynskjer å lære og danse til levande musikk, dei som vil sitte stille og lytte - med andre ord; her er det noko for kvar ein smak.

Martine Haugen og The Broken Hearts spel i gjennom heile debutalbumet "Hardships and Hope", som blir tilgjengeleg der du høyrer musikk den 4. september, før dei blar opp katalogen og spel gode gamle countryklassikarar utover kvelden. Du har kanskje høyrt om Dolly Parton? George Jones? Dwight Yoakam? Emmylou Harris? Randy Travis? Willie Nelson? Har du ikkje det har du moglegheit til å høyre låtane deira bli spela av nokre av dei meste rutinerte countrymusikarane i Norge.

The Broken Hearts består av Tore Blestrud, Ivar Brynildsen, Daniel Gullien og Bjørn Haglund (A11/Country Heroes).

Aldersgrense: 20 år. Billett: kr. 270,- (inkl. avgift).

Dørene opnar kl. 19:30. Musikk frå kl. 20:30. Arrangementet varar til rundt midnatt. Baren er open!

Billetter kjøpast på førehand eller gjennom Tikkio i døra.

Velkome til både dovringar og uttabygds - dette blir ein kveld du ikkje vil gå glipp av!

Foretaksnavn Martine Haugen
MVA

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).