Din handlevogn er tom

Markus Lirhus på Tre Brør Vossevangen

Dørene åpner kl 19:00

Markus Lirhus på Tre Brør Vossevangen
Arrangør
Markus Lirhus
Dørene åpner 25.06.2026 19:00
Programstart 20:00
Sted
Tre Brør Kaffi & Vin Vangsgata 28, 5700 Vossevangen, Norway
Nettside https://www.markuslirhus.no/om-meg

Markus Istad Lirhus held solokonsert på Tre Brør torsdag 25. juni kl. 20.00.

Markus er aktuell med debutalbumet Pickin' Out My Future, og denne kvelden får du høyra heile albumet framført live.

I tillegg får du høyra musikk av gitaristar som har inspirert han, mellom anna Tommy Emmanuel, Tony Rice, Merle Travis og Chet Atkins.
Markus har nyleg kome heim etter eit halvt år i Nashville og legg ut på fleire konsertar rundt om kring i landet denne sommaren.
Konserten vert ei reise gjennom både eigne komposisjonar og musikken som har forma han som gitarist. Her møtest virtuost gitarspel, sterke melodiar og musikalske forteljingar frå både norsk og amerikansk tradisjon.

Etter konserten vert det mogleg å kjøpa debutalbumet på både CD og vinyl.

Velkomen til ein stemningsfull sommarkveld på Tre Brør!
Markus håpar å sjå deg der!


Ps. Huga på ein smakebete, høyr på debutalbumet her:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=zl0kYMVtRXKpPzrF0Cv9_Q

Foretaksnavn
MVA

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).