Din handlevogn er tom

Side Brok // Propellhallen

Dørene åpner kl 19:00 (17.10.2026)

Side Brok // Propellhallen
Arrangør
X2 Festivalen
Dørene åpner 17.10.2026 19:00
Slutt 18.10.2026 02:30
Sted
Propellhallen Industrigata 17, 6100 Volda, Norge

I oktober er det endeleg tid for å lage liv i Propellhallen igjen, då Side Brok skal halde konsert!

Det er 26 år sidan Side Brok vart danna. No feirar dei eittårsjubileet til albumet «All verda» med å leggje ut på ein aldri så liten turné!

Sidan i fjor har singelen Esso rokke å bli ein moderne klassikar i Side Brok-universet, og bandet har mellom anna spelt utselde konsertar i Oslo, Bergen og Ålesund.

Rett etter at dei sleppte singelen «Kjærleik er kjærleik» i juni, stod dei på scena framfor eit mildt sagt ekstatisk publikum på Bergenfest. Bygdalarm og Balestrand Badeklubb var naturlege stopp på vegen, før festivalsommaren fekk eit verdig punktum på sjølvaste Jugendfest!

No er bandet klare for ein ny runde, og rabalderet startar i Propellhallen i Volda 17. oktober!

Billettar sleppast torsdag 27. august kl. 10:00 - her er det berre å sikre seg ein plass, for dette vil du ikkje gå glipp av!

Foretaksnavn X2 SKI
MVA 992295996

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).