Din handlevogn er tom

Purppuri med Jorun Marie Kvernberg – dansekonsert i Ålesund

Dørene åpner kl 18:00

Purppuri med Jorun Marie Kvernberg – dansekonsert i Ålesund
Arrangør
Aalesund Folk Festival
Dørene åpner 23.10.2026 18:00
Slutt 23.10.2026 20:30
Programstart 19:00
Sted
Sobra Scene Korsegata 6, 6002 Ålesund, Norge
Nettside https://www.aalesundfolkfestival.no/

Aalesund Folk Festival inviterer til dansekonsert med Purppuri på Sobra Scene fredag 23. oktober – eit nordisk stjernelag som gir nytt liv til danseslåttar frå 1700-talet.

Når gulna papir med gamle notenedskrifter kjem musikarane i Purppuri i hende, byrjar dansefoten å røre på seg. Med utgangspunkt i nordiske notenedskrifter frå 1700-talet hentar ensemblet fram musikk som framleis har kraft til å fylle dansegolvet.

På scena står Jorun Marie Kvernberg (NO) på feler og hardingfele, Johan Hedin (SE) på oktavnøkkelharpe, Esko Järvelä (FI) på femstrengsfele og tenorgitar og Mads Kjøller Henningsen (DK) på fløyter og sekkepiper. Saman skaper dei eit tett og elegant samspel der slåttane blir vevde inn i kvarandre i lange, samanhengande økter.

Her møter rilar, valsar, reinlendarar, gangarar, polskaer og rekkedansar eit publikum som sjølv kan velje korleis dei vil oppleve konserten – som lyttarar, dansarar eller litt av begge delar. Purppuri ønskjer å viske ut skiljet mellom scene og dansegolv og skape ein kveld der musikk, dans og fellesskap får vekse saman.

Namnet Purppuri kjem frå eit potpurri av finske bryllaupsdansar frå 1700-talet. Desse kunne halde folk i dans i timevis, som ei feiring av livet og kjærleiken. Ensemblet vart opphavleg tinga av FolkOrg til opninga av Folkelarm 2025.


Dørene opnar: 18:00
Konsertstart: 19:00

Vaksen: 300 kr
Under 18 år: gratis

Konserten er støtta av Kulturrådet

Foretaksnavn Aalesund Folk Festival
MVA 936076904

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).