Din handlevogn er tom

Julebord & firmafest m/ underholdning 28. november | Old River Saloon

Dørene åpner kl 18:30 (28.11.2026)

Julebord & firmafest m/ underholdning 28. november | Old River Saloon
Arrangør
Old River Saloon AS
Dørene åpner 28.11.2026 18:30
Slutt 29.11.2026 02:00
Sted
Old River Saloon Stadionvegen 35, 5590 Etne, Norge

🎄 JULEBORD & FIRMAFEST PÅ OLD RIVER SALOON! 🎄

Me inviterer bedrifter og vennegjengar til ein skikkeleg julebordskveld med god mat, underhaldning og dans på Old River Saloon! 🎶🥂

PROGRAM FOR KVELDEN:

🕡 18.30 – Dørene opnar

🎤 19.00 – Underhaldning med Han Innante med kamerattar

🍽️ 19.45 – Middagsbuffet med pinnekjøtt og svineribbe med tilbehøyr. Dessertbord med riskrem, karamellpudding og kaffi.

🎶 22.00 – Bergen Nachspiel Orkester spelar opp til dans resten av kvelden!

Pris per person: 1 095 kr

Me ordnar drikke på borda under buffeten og drikkebongar dersom det er ønskjeleg.

📩 Påmelding og bordreservasjon:
Send e-post til oldriversaloon2@gmail.com eller ring Rune på 911 40 907.

Oppgi gjerne om lag kor mange de blir ved påmelding. Endeleg og bindande tal må meldast inn seinast 10 dagar før julebordet.

Me har plass til opptil 250 gjester.

Ønskjer de eit eige julebord for bedrifta? Det kan me også ordne på førespurnad, med moglegheit for tilpassa dato.

Velkomen til julebord på Saloonen! 🎄🥳

Foretaksnavn Old River Saloon AS
MVA 824330522

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).