Lang Desember Natt
https://tikkio.com/events/67820
| Arrangør |
KB77 // kadaver
Kontakt arrangør |
| Dørene åpner | 04.12.2026 18:00 |
| Sted |
Kadaver
Gate 1 77, 6700 Måløy, Norge
|
tikkio.com
Lang Desember Natt
Dørene åpner kl 18:00 (04.12.2026)
| Arrangør |
KB77 // kadaver
Kontakt arrangør |
| Dørene åpner | 04.12.2026 18:00 |
| Sted |
Kadaver
Gate 1 77, 6700 Måløy, Norge
|
| Arrangør |
KB77 // kadaver
Kontakt arrangør |
| Dørene åpner | 04.12.2026 18:00 |
| Sted |
Kadaver
Gate 1 77, 6700 Måløy, Norge
|
Den som ventar på noko godt, treng ikkje vente lenger! ![]()
Det har blitt ein tradisjon, og sjølvsagt inviterer vi til julekonsert igjen i år!
Julegjengen er tilbake og inviterer til to stemningsfulle førjulskveldar på Måløy Spiskammers, i godt selskap med Kadaver sine kulinariske artistar.
På scena finn du dei same musikalske artistane som tidlegare:
Laila Beathe Førde – vokal og saksofon
Sindre H. Kvalheim – kapellmeister, tangenter, data og vokal
Isak Stensaker – strenginstrument og vokal
Bjørn Helge Syre – strenginstrument og ørlite vokal
Paul-Inge Angelshaug – vokal og ørlite gitar
Her får du høve til å pleie både øyregangar og gane midt i den elles så hektiske adventstida. Ta med deg din betre halvdel, ein god kollega eller heile gjengen, og senk skuldrene for ein kveld fylt med god mat, musikalske høgdepunkt og den heilt spesielle julestemninga.
Kvelden byrjar rundt bordet med Kadaver sin juletallerken, før dei musikalske gjestene tek over scena og sørgjer for ei juleoppleving du seint vil gløyme.
Vi inviterer til to konsertar over to dagar:
Fredag 4. og laurdag 5. desember.
Det er eit avgrensa tal billettar tilgjengeleg, så her gjeld det å vere tidleg ute!
PROGRAM FOR KVELDEN
Kl. 18.00 – Dørene opnar
Kl. 19.30 – Juletallerken blir servert
Kl. 21.00 – Julekonserten startar
BILLETTAR OG PÅMELDING
Ønskjer du å sikre deg plass? Send ein e-post til:
booking@maloyspiskammers.no
Pris: 850 kr per person
Billetten inkluderer både Kadaver sin juletallerken og julekonsert.
Vi gler oss til å ønskje dykk velkomne til to fantastiske førjulskveldar!
| Foretaksnavn | Måløy Spiskammers AS |
| MVA | 928085724 |
Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).