Ferjefolket: foredrag med Halvor Folgerø
22. Nov 2024
Norsk Bremuseum
Bokbyen i Mundal i Fjærland vart grunnlagd i 1995 og offisielt opna i 1996 av dåverande kulturminister, Åse Kleveland. Bokbyen har no om lag 4 hyllekilometer bøker til sals i eit titals utsal av ymse storleikar og opphav: ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale. At bokbyen baserer seg på gjenbruk også når det gjeld utnytting av ledige lokale, gjer at bokutsala blir svært originale i utforming. Her er to store butikkar: Den norske bokbyen AS (som har fleire utsal), Straumsvågs Antikvariat, og fleire mindre som spesialiserer seg på ymse litteraturområde. Den norske bokbyen er open frå mai til september. Både Straumsvågs antikvariat og Den norske bokbyen AS har kontorverksemd heile vinteren, og byggjer då opp til neste sesong. Bokbutikkane i Fjærland sel bøker heile året.
Legal Name | Den norske bokbyen |
VAT Number | 979843518 |
Website | bokbyen.no |
heidi@bokbyen.no |