kintsukuroi den knuste krukka (haustsuite)
https://tikkio.com/events/65146
| Arrangør |
Tonehimmel
Kontakt arrangør |
| Dørene åpner | 06.09.2026 17:00 |
| Slutt | 06.09.2026 17:30 |
| Programstart | 17:30 |
| Sted |
Volda kyrkje
Kyrkjegata 6, 6100 Volda, Norway
|
| Nettside | https://www.tonehimmel.com |
tikkio.com
kintsukuroi den knuste krukka (haustsuite)
Dørene åpner kl 17:00
| Arrangør |
Tonehimmel
Kontakt arrangør |
| Dørene åpner | 06.09.2026 17:00 |
| Slutt | 06.09.2026 17:30 |
| Programstart | 17:30 |
| Sted |
Volda kyrkje
Kyrkjegata 6, 6100 Volda, Norway
|
| Nettside | https://www.tonehimmel.com |
| Arrangør |
Tonehimmel
Kontakt arrangør |
| Dørene åpner | 06.09.2026 17:00 |
| Slutt | 06.09.2026 17:30 |
| Programstart | 17:30 |
| Sted |
Volda kyrkje
Kyrkjegata 6, 6100 Volda, Norway
|
| Nettside | https://www.tonehimmel.com |
Haustsuiten representerer ein viktig milepæl i Åms kunstnarskap og oppsummerer på mange måtar hans kompositoriske stil og virke. Det er også eit svært nært og personleg verk. Sjølv skildrar Åm det som ei takk til kjærleiken – denne krafta som både kan knuse ein, men også lime ein i hop.
Tittelen “Kintsukuroi - den knuste krukka” viser til den japanske kunstforma der ein set saman igjen ei knust krukke, men bruker forgylt lim. Slik kan brestane og såra etter knusinga verte synlege og bli ein vesentleg del av den nye heilskapen.
Hausten er den tida då naturen sjølv på ein måte knusest, går i oppløysing og samlar sine “potteskår” under stille snø. Fuglane reiser. Trea kler seg i sin finaste skrud til farvel og lar livskrafta renne ned i jorda. Før frosten tek over og dei første snøflaka dalar, stryk ein mild vind forbi, eit minne om det som var og det som skal kome.
Konserten er eit samarbeidsprosjekt mellom tonehimmel og Terjungensemble. Prosjektet er støttet av Kulturrådet, Sparebanken Møre og Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Dette er eit verk Åm og Terjungsensemble har arbeidt med over fleire år. Det starta med pianoimprovisasjonar der Åm bearbeida erfaringar frå eige liv. På bestilling frå ensemble og med støtte frå Det norske komponistfond har Åm komponert verket for strykeorkester. Det har blitt 9 satsar og varer totalt i ca. 75 minutt.
Terjungsensemble vart etablert i 2019 som eit prosjektbasert kammerorkester. Ensemblet er høgt verdsett i norsk musikkliv som eitt av dei leiande, uavhengige ensembla. Dei har etablert seg med ein tydeleg samtidsprofil og ei klar målsetting om jamnleg å bestille nye verk for kammerorkester. Fleire av desse bestillingsverka har fått nominasjonar og prisar.
Ensemblet har samarbeidt med Åm over lang tid, med mange ulike verk. På Sunnmøre er operaen Kimen kanskje det mest kjende samarbeidet. Ensemblet har jobba med Haustsuiten over fleire år og urframført einskildsatsane på ulike konsertar. Hausten 2026 satsar dei stort på å turnere med heile verket, som ein del av markeringa av Åms komande 75 årsjubileum.
TERJUNGENSEMBLE,
Lars-Erik ter Jung, dirigent
Musikarar:
Inga Mathilde Gorset, fiolin
Grace Rosier, fiolin
Iain Gibbs-Bergset, fiolin
Marit Egenes, fiolin
Emil Huckle-Kleve, fiolin
Mari Okshovd, fiolin
Anders Rensvik, bratsj
Inger Thommesen, bratsj
Ingvild Nesdal Sandnes, cello
Ulrikke Henninen, cello
Mathias Sunde Valseth, kontrabass
Terjungensemble er i 2026 støtta av Norsk kulturråd, Norsk Komponistforening, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Furestiftelsen, Oslo Kommune og stiftelsen Ludimus.
| Foretaksnavn | Tonehimmel |
| MVA | 927674335 |
Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).