SKØYE TEATERLAG

Image for SKØYE TEATERLAG

Skøye Teaterlag vart skipa i 1999 og sidan då har vi vore ein sentral del av kulturlivet på Skodje. Vi har spreidd glede og latter gjennom revyar, syngespel, humorkveldar og meir. Som ein allsidig, engasjert og sosial gjeng, nyter vi fellesskapet og gleda av å utfalde våre talent. Hos oss er mangfaldet ein styrke. Vi ønskjer å opne dører for alle som vil dele sin lidenskap for teater. Særleg oppmodar vi menn til å kome, då det er sjeldan vare her hos oss :) Gjennom våre aktivitetar ynskjer vi å inspirere og engasjere nye medlemmar. Vårt mål er å fremje amatørteateret, bidra til det lokale kulturtilbodet og skape ei rikare sosial oppleving for våre medlemmar og lokalsamfunnet. Gjennom året presenterer vi eit variert program, frå revy og teaterstykke til spøkelseshus og barneframsyningar. På sosiale medium som Facebook og YouTube deler vi også mykje moro, inkludert ein online julekalender, påskemysterium og annan underhaldning. Vi skapar våre eigne manus og tekstar, men nyttar også profesjonelle manus for større produksjonar. Gjennom vår kreative prosess tar vi opp aktuelle tema og hendingar, skapar engasjement og oppmodar til refleksjon. Med handa på hjartet kan vi sei at vi har det veldig fint i lag. Vi inviterer deg til å bli ein del av vårt fellesskap. Uansett om du har interesse for skodespel, tekstforfatting, lys- og lydteknikk, scenerydding, kostyme- og sminkearbeid eller anna, treng vi nettopp deg! Kom og utforsk dine talent saman med oss i Skøye Teaterlag.

Legal Name SKØYE TEATERLAG
VAT Number 914094518
Website facebook.com/skoye.teaterlag
Email aneurix@gmail.com

Upcoming events

Personalize your experience We use your location to show you events near you. You can change your location at any time.
We do not share your location with anyone. Your location is only used to show you events near you.