Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
KAFÉ HÆRVERK AS

Sudan Dudan

http://kafe-haerverk.com
Organizer KAFÉ HÆRVERK AS
Venue Kafé Hærverk
Kafé Hærverk
Date 20. October 2023
Open from 20:00 to 23:00
Age limit 20


Sudan Dudan

Duoen Sudan utga sitt fjerde etterlengtede album ”Heimen der ute” i 2018.

Da hadde det gått 5 år sidan Marit Karlberg og Anders Røine ga ut plata ”Inntil i dag”. Platemeldarane var over seg. Smale og små publikasjonar, breie og riksdekkande aviser; alle var dei fulle av lovord, terningane trilla til femmarar og seksarar. – ”Årets beste norske plate” er store ord for ein liten duo frå folkemusikk-land.

Dei to smålåtne musikarane let seg ikkje blende. Dei trivst (minst) like godt i den musikalske hola si som i rampelyset. Denne gongen valde dei bort profesjonelle studio til fordel for ein støl i Valdres og ei fjellkyrkje i Telemark. Under barrikadar av store trebord på høgkant dekka av gamle madrassar skaper dei eit rom for tonane, der samspel, improvisasjon og nærleik er dei høgste kvalitetane. Innspelinga av den nye plata skjer live frå denne heimestabla tipien.

Sudan Dudan har eit trufast publikum i folkemusikkmiljøet. Både Karlberg og Røine står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe. Som mange andre konstellasjonar finn dei inspirasjon i andre sjangrar som country og bluegrass, men også i ørkenblues og salmesong. Slik er det også i ”Heimen der ute”.
Berre tre av dei elleve spora er opphavleg tradisjonelle folketonar/tekstar. Dette er ei utvikling som viser at duoen meir og meir slepper til eige stoff og tør å stole på kvaliteten i eigne tekstar og melodiar. Det har dei all grunn til.

Etter den førre plata fekk duoen eit større publikum. Det var som om musikk-Noreg endeleg oppdaga dei. Dei vart samanlikna med Gillian Welsh og Dave Rawlings, som ein løyndom som hadde traska rundt utan at ”nokon” visste om dei.
Odd Nordstoga, som var produsent på førre plate, var utan tvil ein fødselshjelpar i så måte. Finsliping og perfeksjon gjorde ”Inntil i dag” til eit marknadsvenleg og fengande produkt, utan at duoen mista seg sjølve i det.
I løpet av desse fem åra har Sudan Dudan spelt på ei rekkje festivalar og Anders Røine har plukka med seg ein Spellemannspris.

Mange ser fram til ny musikk frå denne løyndomsfulle duoen. Og no har dei altså valt å strippe produksjonen att, gå tilbake til eit uttrykk som liknar meir på dei første to utgjevingane frå 2006 og 2010 (Sudan Dudan og Kari og Ola).
Heile vegen har dei dyrka den doble klangbotnen, både musikalsk, tekstleg og tematisk. Dette blir tydelegare att i ”Heimen der ute”. Les tittelen ein gong til og du vil forstå. Høyr på songen som heiter ”Festen”, som er så skjerande sår. Lytt til instrumenta som blandar seg med lys og mørke, stemma til Marit, iblant monumental i styrke, andre gonger berre eit pust. Instrumenteringa til Anders, briljant og søkande.

Det er kanskje ikkje så lett, denne gongen, å setje på Sudan Dudan til u-invigde og skape umiddelbar begeistring. ”Heimen der ute” er ikkje så friksjonsfri, men den er genuin.
Gjennom Valdres-fjell og Grorud-dalar via tipien i Telemark har tonane funne nye vegar og gamle stigar, dei flettar seg i kvarandre og søkjer seg heim og søkjer seg ut. Ta i mot dei når dei kjem.






Fakta Sudan Dudan:
Utgjevingar:
Sudan Dudan, 2006
Kari og Ola, 2010
Inntil i dag, 2013
Heimen der ute, 2018

Består av Anders Erik Røine og Marit Karlberg. Saman trakterer dei vokal, gitar, munnharpe, fele, harmonium og langeleik.

Anders er busett i Bø i Telemark, har røter i Oslo og Valdres.
Marit er busett i Valdres, med røter i Oslo og Valdres.

I 2016 fekk Anders Røine Spellemannsprisen for produksjonen Kristine Valdresdatter. Saman med mellom andre Marit Karlberg, tonesette han den gamle stumfilmen. Produksjonen var eit bestillingsverk frå folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet.

”Heimen der ute”
Plateslepp i slutten av januar 2018
Teknikar og produsent: Audun Strype
Plateselskap: Ta:lik
Fotograf: Anne Marte Før

For avisa Valdres:
Samarbeidet med fotograf Anne Marte Før frå Lomen starta i sumar under Hilme-stemnet. Anne Marte Før fekk i oppdrag å bidra med foto som følgje til konserten i kulturhuset. Dette vart starten på eit samarbeid som enda med at A.M Før fekk fotografere coveret til Sudan Dudan. Fotograferinga skjedde på Vinjerock ved Eidsbugarden. Tydeleg at Før kommuniserer godt med duoen og har det same skråblikket i foto som dei har i musikken.

Plateselskapet ta:lik har fylgt Sudan Dudan frå starten. Står også bak utgjevinga av Kristine Valdredatter, som Røine fekk Spellemann for. Røine er også medeigar i selskapet.



Sudan Dudan

Duoen Sudan utga sitt fjerde etterlengtede album ”Heimen der ute” i 2018.

Da hadde det gått 5 år sidan Marit Karlberg og Anders Røine ga ut plata ”Inntil i dag”. Platemeldarane var over seg. Smale og små...

Sudan Dudan
Sudan Dudan
-
0
+
264,00 NOK