Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Den norske bokbyen

Image for Boknatta 2024
PROGRAM:

13.30
Opning
markering og opningstale
Stad: Ferjekaia

14.00
Pinneshow
med forfattar Kristin Storrusten
Kristin Storrusten har opplevd eventyrleg suksess med barneboka "Jeg elsker pinner - og minst 89 grunner til at du og burde gjøre det". No kjem ho til Bokbyen med omreisande sin pinneshow. Ta med din finaste pinne og bli med!
Stad: Ferjekaia

14.00
Langlesing: Naustet
Anderz Eide les Jon Fosse
Lydbok live! Skodespelar Anderz Eide er for mange kjende som stemma til Jon Fosses lydbokbøker. Me feirar nobelprisvinnaren med ein intim langlesing av Fosses gjennombrotsroman vegg i vegg med eit gammalt naust, med utsikt til fjorden. I samarbeid med Rom for ord.
Stad: Hotellfjøsen/Naustet

15.00
Full rulle!
jubelblues med Good Time Charlie
Eit av våre aller beste bluesband speler jubelblues for musikkglade barn i alle aldrar. På sunnfjorddialekt, sjølvsagt. Heng på deg luftgitaren og bli med på festen.
Stad: Ferjekaia

15.00
Gjør det sjølv!
samtale med Oddrun Midtbø om sjølvpublisering.
Oddrun Midtbø har opplevd eventyrleg suksess med boka "Harastølen: heimen for dei utstøytte", både med salstal og mottaking. Det gjer boka til ein sjeldan fugl i bokbransjen, då boka er selvpublisert. Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim samtalar med Midtbø om prosessen før og etter utgivinga. I samarbeid med Tekstallianse.
Stad: Gamleposten

16.00
Planter i Norge
samtale og botanisk vandring med Inger Auestad
Kva veit du om plantane du finn rett utanfor døra di? I grøftekanten eller på tur i skogen? Med "Planter i Noreg" har botanikar og økolog Inger Auestad har skrive ei bok for å hjelpa på kunnskapen. Etter ein innleiande samtale om boka blir det ei lita vandring og sightseeing av Fjærlands flora.
Stad: Gamleposten

16.00
Langlesing: Naustet
Anderz Eide les Jon Fosse
Lydbok live! Skodespelar Anderz Eide er for mange kjende som stemma til Jon Fosses lydbokbøker. Me feirar nobelprisvinnaren med ein intim langlesing av Fosses gjennombrotsroman vegg i vegg med eit gammalt naust, med utsikt til fjorden. I samarbeid med Rom for ord.
Stad: Hotellfjøsen/Naustet

17.30
Heimstaddikting
samtale med Marit Kapla leidd av Janne Karin Støylen
Den svenske forfattaren Marit Kapla intervjua alle dei 40 innbyggjarane i Osebol, den vesle bygda ho voks opp i. I etterkant transkriberte og omarbeidde ho tekstane. Resultatet vart diktsamlinga «Osebol», som vann den høythengende Augustprisen i 2019. Eit poetisk og tankevekkjande portrett av livet i ei bygd trua av fråflytting.
Stad: Ferjekaia

19.00
Norsk rasisme
samtale med Sumaya Jirde Ali leidd av Jens Kihl
Sumaya Jirde Ali er ein av våre modigaste og mest markante stemmer innan ei rekkje sjanger: poesi og prosa, debatt og kritikk. Hennar siste utgiving er ein memoar og dagboknotat om å leva med rasismen under huda og i møte med offentlegheita.
Stad: Ferjekaia

20.15
Landet som lova alt
samtale med Sidsel Wold ledet av Roger Sevrin Bruland
Sidsel Wold er for mange kjende som NRKs stemme frå Midtausten. I «Landet som lovet alt: Min israelske reise» blir ho meir personleg, og flettar saman si eiga historie med Midtaustens utvikling. Frå å forelska seg i Israel, til å ikkje lenger kunne forsvara handlingane til staten.
Stad: Ferjekaia

21.30
Foreningen for By og Bygd
konsert
Foreningen for By og Bygd driv nynorsk og homoaktivisme gjennom fengjande køntrilåtar og det beste western-estetikken har å by på. I kveld er det lov å vera cowboy.
Stad: Ferjekaia

Med atterhald om endringar.

Merchant legal name: Den norske bokbyen

VAT: 979843518

Boknatta 2024

Organizer Den norske bokbyen
Venue Fjærland
Date 15. Jun 2024

PROGRAM:

13.30
Opning
markering og opningstale
Stad: Ferjekaia

14.00
Pinneshow
med forfattar Kristin Storrusten
Kristin Storrusten har opplevd eventyrleg suksess med barneboka "Jeg elsker pinner - og minst 89...

Festivalpass Boknatta 2024
-
0
+
350,00 NOK
Festivalpass student/ufør Boknatta 2024
-
0
+
250,00 NOK