Lom og Skjåk
Organizer | Jakupscena |
---|---|
Venue | Utgard fleirbrukshus, Lom |
|
|
Date | 21. Sep 2024 |
Open from | 14:10 to 14:30 |
Velkommen til familieforestilling hjå Jakupscena i Lom, laurdag 21. september kl. 14:30 (OBS: ny tid!).
Forestillinga skjer i Kulturstugu i Utgard. Dørene opner kl. 14:10.
Forestillinga er spesielt retta mot born og ungdom på mellomtrinn og ungdomsskule, men...
Velkommen til familieforestilling hjå Jakupscena i Lom, laurdag 21. september kl. 14:30 (OBS: ny tid!).
Forestillinga skjer i Kulturstugu i Utgard. Dørene opner kl. 14:10.
Forestillinga er spesielt retta mot born og ungdom på mellomtrinn og ungdomsskule, men passar fint for heile familien.
Du får oppleve mykje dans og musikk.
Ungdomsinnslag på forestillinga er med hallingdansarane i Lom spel- og dansarlag.
Våg! er ei spektakulær forestilling som begeistrer, utfordrer og kan skape ettertanke.
Våger du?
Våg! er ei forestilling som handler om vennskap. Forestillinga tek opp ting som ofte oppstår i ein nær relasjon: identitet, konflikt, felleskap, kommunikasjon og samarbeid. Med humor, leik og alvor følger vi Jon og Håkons vennskap gjennom oppturar og nedturar.
Korleis kan vi vise nærleik til kvarandre i ei verd der vi stadig kjem lenger frå kvarandre? Våger vi å stille opp for kvarandre, eller lukker vi oss i oss sjølve?
Forestillinga viser eit venskap mellom to gutar. Korleis håndterer ein nærleik i ein nær relasjon? Kva er greit å gjere, kva er ijkke? Korleis møter vi kvarandre når ein har det vanskeleg? Tør vi å vere åpne og ærlige med kvarandre? Kva vil det seie å vere både maskulin og sårbar? Forestillinga set i gang samtaler rundt hva det vil si å være venner, om hva maskulinitet er, og hvordan man både kan være tøff, og sårbar på en gang.
Jon Bugge Mariussen - Koreograf, danser og produsent
Håkon Håvelsrud Odden - Medkoreograf og danser
Johanne Løkensgard Mjøs - Hardingfele/flatfele
Forestillingen er co-produsert av Viken Fylkeskommune
Foto: Tanja Steen - DKS Viken/Akershus
Billetter:
Gratis for alle under 12 år
100,- for deg på 13-16 år
200,- for deg over 16 år
jakupscena.no
jakupscena@gmail.com
www.jakupscena.no
Merchant legal name: Jakupscena
VAT: 925554006