Din handlevogn er tom

Melovittens konsertbonanza

Dørene åpner kl 18:00 (12.06.2026)

Melovittens konsertbonanza
Arrangør
MELOVITTEN AS
Dørene åpner 12.06.2026 18:00
Slutt 14.06.2026 20:00
Sted
Vågåmo
Nettside https://www.melovitten.no/konsertbonanza

Velkomen til Melovittens konsertbonanza 12.-14. juni 2026 i vakre Vågå! 🎉

Plateselskapet Melovitten feirer fem år i 2026, noko vi vil feire med ei sommarleg og feststemt folkemusikkhelg i heimbygda.

Denne helga byr på konsertar med eit knippe av Melovittens lokale artistar frå Vågå og omegn, og du er sjølvsagt invitert til festen! Du kan vente deg musikk både seint og tidleg, for barnefamiliar og for vaksne. Det blir buskspel, dansefest og kanskje ei og anna overrasking. Mykje liv og røre i bygda vil det garantert bli.

🗓️ Set av helga i kalenderen til sommarens festivalvorspiel i Vågå. Vi håpar du vil vere med oss å feire Melovitten sine fyrste fem år med modig folkemusikk!

BILLETTAR
Salg av enkeltkonsertar og festivalpass via Tikkio (ledige billettar selgast i døra kort/kontant/vipps).
Vaksne: 200,- til 390,- per konsert, festivalpass 1000,-.
Ungdom 13-17 år: 100,- per konsert, festivalpass 400,-.
Born under 12 år: gratis.
Ledsagere med gyldig ledsagerbevis: gratis.
På kveldsarrangementa fredag og laurdag må barn og ungdom under 18 år vera i følge med ein ansvarleg vaksen.
PS: Skal du delta på mange av arrangementa anbefalar vi festivalpass.

PROGRAM (med atterhald om endringar):
Fredag 12. juni:
Kl. 19:00 Pøbkveld "Rocke-gammaldans": Lendmenn, Skultbakkalaget, Skurken på dansegolvet (Bokhandeln)

Laurdag 13. juni:
Dagtid: Stands, buskspel, liv og røre (ute i moom)
11:00 Gratiskonsert med eit utval artistar (Handelsforeninga)
13:00 Tradisjonell song og spel frå Ottadalen: Mari Midtli & Astrid Sulheim + Atterljomen (Andre etasje)
15:00 Vakkert og uanstendig: Frikk Gjeilo m/ gjester framfører viser og upassande poesi (Bokhandeln)
19:00 Gammaldansball, bobler og beauty med Madam Jam, SKROT og Nye Ringnesin (Bakgården på Liehjørnet)

Sundag 14. juni:
11:00 Gratis familiekonsert "Sirkus Uventa" med Vegar Vårdal (Bokhandeln)
18:00 Klassiske perler i folkeleg bekledning med Bjørn Kåre & Mads Erik Odde + nordisk feelgood med duoen Sandum/Tallroth (Munchlåven på Gammel-Kleppe Kulturarvhotell)

Arrangør: Melovitten i samarbeid med Eventlink.

www.melovitten.no

Takk til vår hovudsponsor: Sparebank1 Lom & Skjåk #Fjellbanken
Støtta av: Innlandet fylkeskommune, Kulturdirektoratet, Interkommunalt politisk råd, Vågå kommune.
Sponsa av: KL Rørleggerbedrift AS, Coop Ottadalen SA, Vianvang/Arne Brimi.

❤️ PS: Vil du vere med på laget som samarbeidspartner, støttespelar eller liknande? Ta gjerne kontakt med oss: post@melovitten.no/47398764.

Headerfoto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes

Foretaksnavn MELOVITTEN AS
MVA 927809656

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).