Bjarne Bergheim – Releasekonsert “Fucked it up” på Veslesus
https://tikkio.com/events/64123
| Arrangør |
Elvesus restaurant & bar
Kontakt arrangør |
| Sted |
Elvesus restaurant & bar
Elvevegen 13, Førde, Norge
|
tikkio.com
Bjarne Bergheim – Releasekonsert “Fucked it up” på Veslesus
| Arrangør |
Elvesus restaurant & bar
Kontakt arrangør |
| Sted |
Elvesus restaurant & bar
Elvevegen 13, Førde, Norge
|
| Arrangør |
Elvesus restaurant & bar
Kontakt arrangør |
| Sted |
Elvesus restaurant & bar
Elvevegen 13, Førde, Norge
|
Velkomen til ein heilt spesiell kveld på Elvesus 19. juni.
Den lokale artisten Bjarne Bergheim inviterer til tre intime releasekonsertar denne kvelden i samband med lanseringa av sin 2.-singel “Fucked it up”. Dette blir ein kveld der nærleik, stemning og formidling står i sentrum, tett på både musikken og historiene bak.
Musikken til Bjarne bevegar seg i landskapet mellom roleg, melankolsk pop, indiepop og singer-songwriter. Med inspirasjon frå artistar som Ben Platt, Jeff Buckley og Lizzy McAlpine, skaper han låtar som gir lyttaren eit lite pusterom, ein stad å lande.
Denne kvelden har han også med seg Erlend Os på piano, som vil vere med å løfte uttrykket og gi låtane ei ekstra nær og levande ramme.
Tekstane utforskar kjærleik, tap, anger og håp, og blir framført med ein ærleghet som inviterer publikum tettare på.
Visjonen er “formidling utan begrensing”, å setje ord og lyd på det som ofte blir verande usagt, og skape eit rom der publikum kan kjenne seg att og vere til stades i augneblinken.
Den nye singelen “Fucked it up” tek for seg det mange kjenner seg igjen i, mislykka kjærleik og det å snuble igjen og igjen. Med ein roleg, sommarleg vibe gir låta rom for refleksjon, men også ei kjensle av å ikkje vere aleine i det som er vanskeleg.
“Eg gler meg til å spele desse låtane tett på, og dele litt av historiene bak dei.”
🕰️ Konsertar 19. juni
17:30
19:15
21:00
📍 På Veslesus i Førde
Konsertane blir haldne i Veslesus-lokala, som gir ei ekstra nær og intim ramme. Det er begrensa kapasitet, så ver snar med å sikre deg billett.
Ta med deg ein ven, eller kom aleine, og gi deg sjølv ein kveld der du kan senke skuldrene og berre kjenne på musikken.

| Foretaksnavn | Elvesus AS |
| MVA | 926580930 |
Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).