Din handlevogn er tom

Konsert med Odd-Erik Lothe på Chez maman Crêperie & Café

Dørene åpner kl 19:00

Konsert med Odd-Erik Lothe på Chez maman Crêperie & Café
Arrangør
ODD-ERIK LOTHE
Dørene åpner 14.11.2026 19:00
Slutt 14.11.2026 23:00
Programstart 20:00
Aldersgrense 18
Sted
Chez maman Crêperie & Café

I september 2025 feira Odd-Erik Lothe 30 år som plateartist i eit stappfullt Operahus med ein haug med utvalde gjester. Odd-Erik har sidan fortsett å feire jubileum med fleire turnear og opptredenar på aust- og vestland. Til Crêperiet kjem han aleine med gitaren til ei intim og nær stund der røysta, tekstane og fortjeljingane rundt songane står i sentrum.

Heilt sidan den fyrste tida med Fabel og gjennombruddslåta Jordbær og grasbrann har han skapt seg ein tydelig identitet som artist med ei lett gjennkjenneleg røyst og tekstar på uforfalska nordfjordmål. Heile tida er det visesjangeren som har vore i fokus, sjølv om han undervegs har lefla med både rockabilly, rootsrock og humor. Samarbeid med andre har det vore mange av, så som Mighty Magnolias, Olav Stedje, Finn Tokvam, Sigrid Moldestad, og Rita Eriksen for å nemne nokon. I tillegg til Fabel har også Odd-Erik Krom, Green Granadas og Finn-Erix under vesten. Alt i alt har dette resultert i 14 album.

Sidan han framleis feirar jubileum, vil det dukke opp element frå det meste av fartstida hans, samt ei og anna overrasking.

Dette blir ein intim og nær staskveld.

Tid: 14.november 2026
Dørene opnar: kl 19.00
Konsertstart: 20.00
Billettpris: 250,- + avgift

Etter konserten blir det open bar, og barsnacks-meny (Croque Monsieur osv).

NB: 18års aldersgrense pga rettigheitar

Vel møtt!😘

Foretaksnavn ODD-ERIK LOTHE
MVA 980395472

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).