Din handlevogn er tom

Oktoberfest Stryn 2026

Dørene åpner kl 19:00 (18.09.2026)

Oktoberfest Stryn 2026
Arrangør
STRYN PING PONG CLUB
Dørene åpner 18.09.2026 19:00
Slutt 20.09.2026 02:00
Aldersgrense 18
Sted
Oktoberfest Stryn
Nettside https://www.oktoberfeststryn.no

OKTOBERFEST STRYN 2026

18.–19. september. I verdas beste bygd.

To dagar. Tre telt. Eitt lite oktoberfestunivers midt i Stryn.

Her får du ikkje berre ein konsert.

Tre telt fulle av liv. Musikk frå scenene, folk i gatene og parade gjennom sentrum. Mat, drikke og allsong så det ljomar mellom fjella. Ei heil bygd som lever litt ekstra i to dagar.

Sånn september SKAL vere.

Og midt oppi det heile: eit program som går frå Odd Nordstoga og Carina Dahl til Loveshack, blåsemusikk, tyrolermusikk, ABBA, sekkepipe og akkurat passe mykje galskap.

Dette er Oktoberfest Stryn.

FREDAG 18. SEPTEMBER

18.00–02.00

Fredagskvelden opnar festivalhelga – med tre telt, fleire scener og liv frå dørene opnar til vi må gi oss for natta.

På programmet:

Odd Nordstoga
Loveshack
Father & Son m/Circus Dos Mosquitos
Oslo Blåseorkester
Ronald Schnipfelgrüber Tyrolerkapelle
Torbjørn Gran & Åge Nygård
Walle & Jokkerne
Stryn Musikklag
RuMac – Ruairidh Maclean

LAURDAG 19. SEPTEMBER – GRATIS PÅ DAGTID

Frå 12.30

Laurdagen tek oktoberfesten over Stryn sentrum.

Parade gjennom sentrum
Offisiell opning
Livemusikk og underhaldning i Bierstube på Per Bolstad plass
Johnny B Memphis
Mat og drikke

Ta med familien, naboen, gjengen – eller berre kom. Det er plass til fleire rundt bordet.

LAURDAG KVELD

18.00–02.00

Så skrur vi opp igjen.

På programmet:

Carina Dahl
Loveshack
Father & Son m/Circus Dos Mosquitos
Oslo Blåseorkester
Ronald Schnipfelgrüber Tyrolerkapelle
Torbjørn Gran & Åge Nygård
Walle & Jokkerne
Stryn Musikklag
RuMac – Ruairidh Maclean
Mamma Mia – The Party Stryn

Dagtidsarrangementet laurdag er gratis og ope for alle. Kveldane har 18-årsgrense.

Du treng ikkje ha vore her før.

Du treng ikkje kjenne halve teltet.

Kom med gjengen, kom med ein kompis – eller berre kom.

Det tek som regel ikkje så lang tid før ein er ein del av festen.

Oktoberfest Stryn 2026.


18.–19. september.

I verdas beste bygd.

Vi sjåast i Stryn!


Foretaksnavn STRYN PING PONG CLUB
MVA 997243684

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).