Din handlevogn er tom

Arnold Eidslott - 100 år

Arnold Eidslott - 100 år
Arrangør
Volda sokn
Programstart 19:00
Sted
Volda kyrkje Kyrkjegata 6, 6100 Volda
Nettside https://volda.kyrkja.no

Laurdag 6. juni inviterer Volda Kyrkje til markering av at det i år er 100 år sidan lyrikaren Arnold Eidslott vart fødd. 
Kl. 19.00 blir det jubileumskonsert med diktlesing, litteraturformidling, korsong og orgelmusikk med utgangspunkt i tekstane og tankeverda til Eidslott.

Medverkande:
• Jan Inge Sørbø – introduksjon til forfattarskapen
• Viggo Solum – diktlesing
• Volda Vokal
• Ålesund Kammerkor
• Bert Handrick – orgel

På programmet står mellom anna Magnar Åm sitt «Eit under og ei tåre» og Johan Kvandal sitt «Underet», begge skrivne med tekstar av Eidslott. Publikum får også høyre diktet tileigna Johann Sebastian Bach sitt «Passacaglia og fuge i c-moll», før verket blir framført på orgel.

Kvelden blir avslutta med fellessong frå Kjell Habbestad sitt verk «Mysteriet».

Vel møtt til ei vakker og høgtideleg stund i ord og tonar.

Bill. kr. 300.- Barn og ungdom gratis.

Søndag blir jubileet markert i Spjelkavik kyrkje, med kransnedlegging på bysta av Eidslott utanfor kyrkja og det same konsertprogrammet.

Foretaksnavn Volda sokn
MVA 976997115

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).