Din handlevogn er tom

Konsert solo harpe med Tone Hulbækmo

Konsert solo harpe med Tone Hulbækmo
Arrangør
Harpefoss hotell kunstarena
Slutt 11.06.2026 23:00
Sted
Harpefoss hotell Gålåvegen 58, 2647 Harpefoss, Norge
Tone Hulbækmo frå Tolga har gjennom eit musikalt liv i Noreg vore aktiv som musikar og komponist. Ho har markert seg med hennar særprega song og bruk av det ukjente folkemusikkinstrumentet middelalderharpa. Ho er kjent frå fleire ulike sjangrar frå middelaldermusikk, visesang, folkemusikk, verdsmusikk og etnisk musikk til meir samtidsretta musikk. Hulbækmo har turnert i fleire land, og har utgitt ei rekkje album både som soloartist og blant anna som medlem av gruppa Kalenda Maya. Av album kan nevnast Kåmmå no (1983; Spellemannprisen), Kalenda Maya (1985; Spellemannprisen), Svevende jord (1986), barneplata Langt nord i skogen (1988: Spellemannprisen), Konkylie (1995) og Kyrja (1999).

I fjor gav Hulbækmo ut plata «Harpedåm», ei plate med kun bruk av middelalderharpe - "Såvidt meg bekjent det første albumet i sitt slag", seier Hulbækmo. Framleis er det mange som ikkje veit at det faktisk har eksistert ei folkeleg harpetradisjon i Noreg. Det er bevart ni harper, dei fleste av dei frå Østerdalen, Fjellregionen og omegn, men også ellers i Trøndelag og på Sunnmøre. Sverre Jensen hadde laga ein kopi av harpa frå Selbu og det er den Tone Hulbækmo spelar på den dag i dag. Det fins beskrivingar av harpespel i Nordøsterdalen frå første halvdel av 1800-tallet, men tradisjonen var så godt som utdøydd allereie i midten av det århundret.

Tone Hulbækmo - middelalderharpe
Foretaksnavn Eivind Slettemeås
MVA 924811056

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).