Din handlevogn er tom

Konsert med Odd Erik Lothe m/band på Silda

Dørene åpner kl 16:30

Konsert med Odd Erik Lothe m/band på Silda
Arrangør
Silda Velforening
Dørene åpner 11.07.2026 16:30
Programstart 17:00
Sted
Silda Grendahus Silda, Kinn, Norge

På Sildadagen 11. juli vert det konsert med Odd-Erik Lothe m/band!

Sidan Odd-Erik Lothe og Fabel debuterte i 1995 med Jordbær og grasbrann har han i alt utgitt 14 album. Dei poetiske tekstane på nordfjordmål har saman med eit mangesidig viseutrykk skaffa han eit trufast publikum og ein lett gjenkjennelig identitet som artist. I dei seinere årene har han samarbeida med bl.a. Mighty Magnolias, Olav Stedje og Finn Tokvam i tillegg til å gje ut musikk under sitt eige namn. Heilt sidan starten har han blitt flittig lista av NRK P1 og hausta kritikerros for alle sine utgjevingar. Han er bl.a. nominert til spelemannspris, har vunne fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane samt Luttprisen for 2022. Lothe sitt siste album "14" har allereie innad i bransjen blitt omtala som bestenotering.

Praktisk informasjon:

Konserten blir i teltet på leikeplassen ved Silda Grendahus, så kle dykk etter vèret.

Det vert sett opp båtrute frå Selje kl 1520 med anløp Barmen, Flatraket, Osmundsvåg før Silda. Retur etter konserten kl 1900. Bestilling av båtbillett på https://www.fjordguidingselje.no

Det vert også sett opp ekstra båtrute frå Måløy til konserten. Avgong Lektaren kl 1500. Retur etter konserten kl 1900. Bestilling av båtbillett her på Tikkio. OBS! Avgrensa tal plassar.

Nybakks Thaimat vil ha pop-up utsalg på Sildagen.

Foretaksnavn Silda Velforening
MVA 911561182

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).