Din handlevogn er tom

Konsert med Hekate på Okulus

Konsert med Hekate på Okulus
Arrangør
Harpefoss hotell kunstarena
Slutt 12.09.2026 19:00
Programstart 18:00
Sted
Harpefoss hotell
Nettside https://www.harpefosshotell.no/hekate-konsert/

Hekate (NO) er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena. Dei slapp sitt debutalbum på Grappa/ Heilo i juni 2025, med Martin Langlie som produsent.

No har dei slått seg saman for å ta den tradisjonelle dansemusikken i ein ny retning med kompromisslaus kveding i klubbsetting. Med materiale frå heile landet som utgangspunkt, tek dei slåttemusikken på nye vegar gjennom improvisasjon, kraftfulle klangar og heftig tramp. Målet er at publikum ikkje har sjans til å stå stille når dei sett i gang.

Dei hadde sin debutkonsert på Tuvas Blodklubb på Riksscenen, og skapte der eit rom med dans, lytting og begeistring for slåttemusikken. Sidan då har dei vore eit heitt samtaleemne i folkemusikkmiljøet i Norge og spelt på m.a Motvindfestivalen, Hausmania Kulturhus, Columbi Egg og Folkelarm.

Hekate er:

 

Malin Alander

Silje Risdal Liahagen

Synnøve Brøndbo Plassen

Foto: Guro Sommer

Foretaksnavn Eivind Slettemeås
MVA 924811056

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).