Foreningen for By og Bygd
Doors open at 19:30

Organizer |
STIFTINGA MUSEUMSSENTERET I HORDALAND
Contact organizer |
Start time | 04.07.2025 19:30 |
Location |
Samfunnshuset Skogen, Sletta, Radøy
|
Konsertbillett
Dørene opnar 19.30. 18 års aldersgrense, ev. med verge.
350,00 NOK

Organizer |
STIFTINGA MUSEUMSSENTERET I HORDALAND
Contact organizer |
Start time | 04.07.2025 19:30 |
Location |
Samfunnshuset Skogen, Sletta, Radøy
|
Fredagskvelden under Utvandringsfestivalen 2025 byr på country og americana på nynorsk med bandet Foreningen for By og Bygd. Det blir topp stemning på Samfunnshuset Skogen Sletta!
Foreningen for By og Bygd speler småskeiv country på nynorsk. Dei synest teksten er halve poenget og songane handlar ofte om å bli dumpa, eller om å køyre bil rundt på vestlandet (og lengte etter Amerika). Bandet har masse erfaring med begge deler.
Vokalist Jens Kihl (som til dagleg er kulturredaktør i Bergens Tidende) og dei rare vennene hans gler seg til å lage lun, morosam og ettertenksam stemning på Utvandringsfestivalen på Sletta- som dei sjølv seier må vera den mest skreddarsydde bookinga nokon gong!
Bandnamnet har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då det var forbode å vere skeiv og Det norske forbundet av 1948 måtte ha eit dekknamn for å leige lokale til fest og samkoma. Namnet var meint å vekke minst mogleg oppsikt. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dei siste åra har bandet turnert opp og ned langs vestlandskysten og i år kjem bandet med sitt fyrste album.
Bandet er samansett av Jens Kihl (vokal), Helene Nilsen (vokal og gitar), Endre Aasebø (el. Gitar), May Frida Bosch (trommer) og Lars Korff Lofthus (kontrabass).

No map data available
Merchant legal name | STIFTINGA MUSEUMSSENTERET I HORDALAND |
VAT | 971349743 |