Your cart is empty

Røyster, av YKS Ung 16.00

Doors open at 16:00

Røyster, av YKS Ung 16.00

Vaksen

350,00 NOK

Festivalpass-billett

Billett for deg som har festivalpass

10,00 NOK

Uner 20 år

0,00 NOK
Advertisement
Organizer
Tonehimmel
Open from 29.06.2025 16:00
Location
Anders Svor-museet, Hornhindal
Website https://www.tonehimmel.com
Denne droestillinga startar kl. 16.00
For billetter til forestillinga kl. 14.00 se her: https://tikkio.com/events/56723

«Røyster» er eit nytt koreografisk arbeid av Solveig Styve Holte utvikla i samarbeid med
dansekunstnar og prøveleiar May Stene Fossheim, dansekunstnar og utøvar Rina Rosenqvist, kostymedesignar Molly Raak, komponist og musikar Sofia Jernberg, samt 5 ungdomar frå Ålesund, Ørsta, Volda og Nordfjord som alle er med som utøvarar.

I prosjektet får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.

Kan kunsten vere ein stad for å utvikle og auke vår sensitivitet for kvarandre og omverda? I
fleire kunstnariske arbeid har Holte interessert seg for korleis skape fleirstemmige felleskap
der ulike viljar og røyster sameksisterer i det koreografiske uttrykket. I «Røyster» vert
rørslene skapte i møte mellom ulike kroppar, i undersøkinga av å gi og ta imot, av å berøre og bli berørt, bere og bli boren, rørsler som berre er moglege i samdansen med ein eller fleire andre kroppar. Røyster vert ei øving i sensitivitet overfor kvarandre og omverda, korleis
eksistensen vår er knytt saman og avhengig av andre for å halde fram.
«Røyster» er den fyrste produksjonen av YKS Ung, eit nytt fleirårig kunstprosjekt knytt til
Ysteholen Koreografiske Senter (YKS).

Konsept, koreografi og kunstnarisk leiar: Solveig Styve Holte
Framsyninga er utvikla saman med
Prøveleiar: May Stene Fossheim
Komponist og vokalist: Sofia Jernberg
Kostyme og scenografi: Molly Raak
Dansekunstnar: Rina Rosenqvist

Utøvarar:

Framsyninga er utvikla saman med og framført av:
Asiri Carlosdottir Perez, Elena Hertzberg Aidoni, Luna Walderhaug Lange, Mariia Stepanian, Marit Hovland og Rina Rosenqvist.
Produsent: Paula Lewe

Takk til Amie Mbye, Helga Synnevåg Løvoll, Rose Martin, Venke Sortland, Bojana Cvejic og Sergej Pristas.

Koprodusert av tonehimmel, KUBE, Høstscena, Høgskulen i Volda og Kunsthøgskolen i Oslo
Prosjektet er støtta av Norsk Kulturråd, Møre og Romsdal fylkeskommune

Billettar:
Vaksen: 350,-
Festivalpassbillett: 10,-
Alle under 20 år: gratis

Plassbegrensning. Lurt å kjøpe billett på forehand.
Merchant legal name Tonehimmel
VAT 927674335
Personalize your experience We use your location to show you events near you. You can change your location at any time.
We do not share your location with anyone. Your location is only used to show you events near you.