Pusterom: Restorative Vårkvile

Doors open at 19:00

Pusterom: Restorative Vårkvile
Organizer
SKOLO
Open from 26.05.2026 19:00
End time 26.05.2026 21:00
Location
SKOLO Yttersidveien 2, 8845 Herøy, Norge
Website https://www.skolo.no

Velkommen til ein ekstra lang yogaklasse som er balsam for kropp og sjel!

Denne kvelden er for deg som vil utforske krafta i kvile - ein stillare, meditativ og kvilande yogapraksis. Unn deg denne stunda, ein fantastisk kontrast til den lysare, meir aktive våren.

Restorative Yoga er ein skånsom yogaform kor utstyr som bolstre, tepper, puter og klossar støttar oss inn i ulike kvilande yogaposisjonar. Camilla guider deg trygt inn i ro og kvile med mindfulnessteknikkar og pusteøvelsar. Her kan du berre ta i mot.

Formålet er å sleppe tak i stress og djupe spenningar, roe nervesystemet og finne stillheit. Tid til å lade batteria på djupet.


Yogaen passar erfarne og nye yogis, også deg som er stiv som en stokk eller har ulike vondter. Kom akkurat som du er.

Praktisk info:

  • Dørene åpner kl 1845, klassen starter kl 19

  • Ta på behagelige klær lag på lag, ta med varme sokkar

  • Vi har matter og utstyr, men ta gjerne med eit favorittpledd og bolster om du har sidan vi bruker mykje utstyr denne kvelden

  • Følg trappa opp til den lune Storhemsen i 3. etg

  • Etter yogaen er du velkomen til å ta ein kopp te før du ruslar heim (SKOLO/kafeen er stengt denne kvelden)

Kun 8 plassar. Bindande påmelding.

Husk å gi beskjed om du har booka plass, men ikkje kan komme likevel då dette er populære yogakveldar og ofte venteliste.


Yogalærer er Camilla Solvang Hansen / Pusterom Yoga

www.pusteromyoga.no

Varmt velkommen 💚🙏

Merchant legal name Skolo AS
VAT 920732291

A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).