Konsert med Henning Sommerro, Edvard Hoem og Ørsta kyrkjekor
https://tikkio.com/events/63971
| Organizer |
Ørsta kyrkjekor
Contact organizer |
| End time | 07.06.2026 21:00 |
| Show starts | 19:00 |
| Location |
Ørsta kyrkje
Kyrkjegata 55, 6153 Ørsta, Norge
|
tikkio.com
Konsert med Henning Sommerro, Edvard Hoem og Ørsta kyrkjekor
| Organizer |
Ørsta kyrkjekor
Contact organizer |
| End time | 07.06.2026 21:00 |
| Show starts | 19:00 |
| Location |
Ørsta kyrkje
Kyrkjegata 55, 6153 Ørsta, Norge
|
| Organizer |
Ørsta kyrkjekor
Contact organizer |
| End time | 07.06.2026 21:00 |
| Show starts | 19:00 |
| Location |
Ørsta kyrkje
Kyrkjegata 55, 6153 Ørsta, Norge
|
No kallar sol og sommarvind: Konsert med Henning Sommerro, Edvard Hoem og Ørsta kyrkjekor.
Våren 2024 hadde Ørsta kyrkjekor eit svært vellukka samarbeid med Henning Sommerro med konserten "Høyr kor kyrkjeklokka lokkar". Samarbeidet ga meirsmak og vi kan difor med glede inviterere til ny konsert og nytt repertoar. Denne gongen vert også forfattar og salmediktar Edvard Hoem med.
Søndag 7.juni er det altså duka for storkonsert med Ørsta kyrkjekor, Henning Sommerro og Edvard Hoem. Publikum kan vente seg ein kveld der Hoem sine tekster står sentralt. Når tekstene får klinge saman med Sommerro sin musikk vert det opna eit rom der tradisjon, folketonar, salmar og viser møtest.
Sommerro og Hoem har gjennom fleire tiår hatt ein omfattende produksjon av salmar og viser.
Henning Sommero er ein av våre store norske komponistar. Han har ei lang karriere bak seg og har samarbeidd og musisert saman med ei rekkje ensemble og kunstnarar, mellom anna Erik Bye, Sigmund Groven, Nidarosdomens guttekor og Trondheimssolistane. I 2013 vart han utnemnd til kommandør av St.Olavs Orden. I over fem tiår har han skrive musikk til teater, ballett og film, han har skrive korverk, kyrkjemusikk og arrangert folkemusikk. Har har skrive mange kjende salmar og viser som "Den fattige Gud", "Blå salme", "Vårsøg" og "E slåttatæja".
Edvard Hoem er ein av våre aller fremste forfattarar i Noreg i dag. Han har eit framståande og rikt forfattarskap og er ein prislønt roman - og biografiforfattar, dramatikar og poet. Hoem har fått ei rekkje prisar og blei i 2020 utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk litteratur og kulturarv, som hans kyrkjelege verk, salmar og bibelhistorier. Edvard Hoem debuterte som salmediktar i 1983 med "Den fattige Gud" og har markert seg sterkt som salmediktar, med 11 bidrag i Norsk Salmebok. "Edvard Hoems salmetekster spenner fra himmel til jord, mellom det hverdagslige og det høytidelige, i et tilgjengelig og poetisk språk om troens mysterier" (Forfattersentrum, 2018). Hoem omtalar ikkje seg sjølv som salmediktar, men heller som ein diktar som også skriv salmar.
På konserten i Ørsta kyrkje søndag 7.juni kl.19.00 vil Hoem og Sommerro fortelje om salmane som dei har skrive i lag,
og vi får høyre både "Den fattige Gud", "Kveldssalme" og "Kom heim/No kallar sol og sommarvind" samt fleire klassikarar!
Henning Sommerro og Ørsta kyrkjekor vil saman framføre desse songane, med Sommerro på piano/orgel og som solist.
Vi gler oss stort til å høyre Edvard Hoem lese frå sine eigne tekster og vi får også ei eiga soloavdeling med dei to.
I 2026 er det 100 år sidan Erik Bye vart fødd, noko som også vert markert denne kvelden der
Henning Sommerro vil fortelje om sitt samarbeid med høvdingen, samt framføre nokre av Bye sine songar.
Med oss på konserten har vi også dei lokale musikarane: Ragnhild Engeset (fløyte) og Karen Rosenberg Olsen (sopran).
Vi gler oss stort til å presentere denne flotte konserten i samarbeid med to av våre store norske kunstnarar.
| Merchant legal name | Ørsta kyrkjekor |
| VAT |
A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).