Din handlevogn er tom

Helge Johnsen - Viser og Slikt

Dørene åpner kl 18:45

fire Få billetter igjen
Helge Johnsen - Viser og Slikt
Arrangør
Stiftelsen Nøysomhet
Dørene åpner 03.09.2026 18:45
Slutt 03.09.2026 21:30
Programstart 19:00
Sted
Nøysomhet Hafstadvegen 7, 6800 Førde, Norway

Helge Johnsen, Ove Mjåtveit og Ivar Bruvik Sætre kjem til Nøysomhet 3. september. Få med deg ein lun konsert med Viser og Slikt!

Konsertane til dette trekløveret er som små kvilestunder for sjel og sinn. Musikken er akustisk og med innestemme. Songane er merkte av levd liv, og tekstane spenner frå vestlandsblått vemod og kjærleikens årstider til vers med humorens solskin i seg.

Etter at Helge Johnsen tok opp att visesongen og innleia samarbeidet med kontrabassist Ove Mjåtveit og gitarist Ivar Bruvik Sætre, har det blitt nær 70 konsertar og opptredenar rundt om i Sogn og Fjordane. I fjor gav dei ut plata «Alt er ei reise». Velkomen til ein intimkonsert med viser for vaksne i alle aldrar, krydra med Helges historier og anekdotar.

 

Helge Johnsen var aktiv under den store norske visebølga på 1970-talet, men i dei meir enn førti åra han var journalist i m.a. Firda let han songane og poesien sin leve sitt stille liv til husbruk og i gode veners lag. Etter at han gjekk av presseyrket, fekk han ei varm gjenforeining med lyrikken og gitaren, og deler igjen denne sida av den skapande aktiviteten sin med eit publikum.

Ove Mjåtveit spelte gitar i danseband i ungdomstida på 70- og 80-talet, men melde overgang til kontrabass som førtiåring. Han er musikalsk altetande, spelar symfonimusikk, jazz, pluss tango- og balkanrytmer i gruppa «Bellatango» – og har no også teke kontrabassen sin med seg inn i visesjangeren.

Ivar Bruvik Sætre tok til å spele gitar som 13-åring. Han meistrar ulike sjangerar, som jazz og String Swing-stilen Django Reinhardt i si tid gjorde kjend. Mest går det i rock og blues, med nokre jazzstunder innimellom. I samarbeidet med Helge og Ove spelar han melodisk, akustisk visegitar.

Foretaksnavn Stiftelsen Nøysomhet
MVA 928088006

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).