Din handlevogn er tom

Fiskekurs og foredrag med Endre Hopland

Dørene åpner kl 17:30

Fiskekurs og foredrag med Endre Hopland
Arrangør
Bøvågen kystfestival
Dørene åpner 17.09.2026 17:30
Programstart 18:00
Sted
Hordabø skule Hordabø skule, Nørdbøvegen 1, 5937 Hauglund, Norway

Bøvågen småbåtlag inviterer til fiskekurs og foredrag med Endre Hopland frå Seeberg og den populære YouTube-serien Fiskeskolen.
Torsdag 17. september får vi lære meir om moderne sjø- og havfiske. Endre vil mellom anna snakke om fiskeartane som finst i området vårt, korleis ein fiskar etter dei, kva utstyr ein bør bruke, og korleis ein kan finne fisken ved hjelp av sjøkart.

Det blir også gjennomgang av relevant utstyr, knutar, takkel og gode oppsett for ulike typar stongfiske.

Endre er fødd og oppvaksen i Knarvik og har over 30 års erfaring med agnfiske i sjøen. Sjølv om han har fiska over heile landet, er det i Nordhordland han har lagt ned flest fisketimar. Her er det med andre ord mykje lokal kunnskap å hente!

Det er begrensa med plassar så her er det førstemann til mølla!

Foretaksnavn Bøvågen småbåtlag
MVA 918708995

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).