Din handlevogn er tom

Erlend Apneseth Trio

Dørene åpner kl 18:30

Erlend Apneseth Trio
Arrangør
Harpefoss hotell kunstarena
Dørene åpner 04.11.2026 18:30
Slutt 04.11.2026 22:00
Sted
Harpefoss hotell

Erlend Apneseth Trio er eit av Noregs mest innovative og aktive band, og foreinar lyden av norsk folkemusikk, jazz og elektronika på ein helt særeigen måte. Bandet har hausta lovord, prisar og nominasjonar for samtlege albumutgjevingar på det renommerte plateselskapet Hubro, og med turnering i store delar av Norge og Europa dei siste fem åra har dei begeistra både nye og tilbakevendande konsertgjengarar. Fleire av albuma har vorte nominerte til Spellemannprisen, og dei fekk prisen for albumet «Salika, Molika» (2019) saman med Frode Haltli. Albumet vart også nominert til Nordic Music Prize.

Erlend Apneseth - hardingfele

Stephan Meidell - gitar, effektar

Øyvind Hegg-Lunde - trommer

Foto: Oddleiv Apneseth

Foretaksnavn Eivind Slettemeås
MVA 924811056

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).