Din handlevogn er tom

Konsert med Markus Lirhus i Vangen kyrkje, Aurland

Konsert med Markus Lirhus i Vangen kyrkje, Aurland
Arrangør
Markus Lirhus
Programstart 20:00
Sted
Vangen kyrkje Vangen 9, 5745 Aurland, Norway
Nettside https://www.markuslirhus.no/start

Markus Lirhus tek med seg gitaren til Vangen kyrkje i Aurland den 23. juli. Han spelar ei blanding av eigne låtar og fingerstyle-klassikarar på akustisk gitar. Markus er aktuell med debutalbumet “Pickin' out my Future”, og denne kvelden får du høyra heile plata live. I tillegg står låtar av Tommy Emmanuel, Chet Atkins, Tony Rice og Merle Travis på programmet, saman med innslag av folkemusikk. Markus har nyleg kome heim frå eit halvt år i Nashville og spelar fleire konsertar rundt om i landet denne sommaren.

Vangen kyrkje, også kalla Sognedomen, er ei steinkyrkje frå 1202 med fantastisk akustikk. Konserten startar klokka 20:00, og billettar kjøper du her på Tikkio. Det vil også vera mogleg å kjøpa fysiske plater denne kvelden. Markus håpar at både aurlendingar og tilreisande er klare for ein kveld fylt med gitarmusikk og god stemning.

Markus håpar å sjå deg der!

Foretaksnavn
MVA

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).