Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
KAFÉ HÆRVERK

«Familieterapi» med Frøkedal & Familien – Episode 2: New Age

Organizer KAFÉ HÆRVERK
Venue Kafé Hærverk
Hausmanns gate 34, Oslo, Norge
Date 15. March 2020
Open from 19:00
Show starts 20:00
Min. age 20

Snart skal Frøkedal & Familien spele inn ei ny plate, og sidan det heile skal gjerast live i studio, er det duka for litt av ein thriller. For å bli klare, inviterer dei til miniserien «Familieterapi» på Hærverk, der du gjennom tre konsertar kan følge den dramatiske utviklinga i samarbeidet. Dei skal prøve å spele flest mogleg nye låtar – snublande og forsiktig, eller kanskje fort og gale. Nokon kjem til å drite seg ut, men kven? Blir det jubel og applaus for ny musikk, eller blir bandet tvinga tilbake i forsvarsposisjon og gamle hits?

12.2.2020: Episode 1: Teknologiangst
Ingeleiv demonstrerer kvifor rytmefisken/guiroen burde vere eit av dei hottaste instrumenta nett no. Dobbelt egg ved Olav Christer. Erlend prøver ein ny synth.

15.3.2020: Episode 2: New Age
Kan trua på lys og kjærleik redde verda? Dei fleste krysser fingrane for at det ikkje blir felles improdans som pauseinnslag.

2.4.2020: Episode 3: Lagnadstimen
Siste sjanse til å overtyde publikum – og seg sjølve. Elisabeth har på seg eit overraskande kostyme. Frøkedal har eit barokk-ess i ermet.

Serien kan kun sjåast live i intime og vellydande omgjevnader på Hærverk.
Det blir loddtrekning mot slutten av konserten.
Takk for at du kjøper billett, slik at bandet kan betale ned studiolånet.

Publikum som har sterke låtønske blir oppfordra til å melde dette inn i forkant, då det kun blir framføring av eit begrensa antal tidlegare utgitte låtar.

OM FRØKEDAL & FAMILIEN
Frøkedal har gjort seg bemerka med sin milde, tidvis eksentriske, folkprega pop saman med bandet Familien. Dei har skapt eit særeige lydbilete av vokal, elgitar, fele, orgel og trommer, samt klimpreinstrument som mandola og baglamas og gjort ei rekkje turnéar og festivalkonsertar i inn- og utland. Prosjektet har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, Spellemann-nominasjon og har spelt live på BBC Radio6. Frøkedal & Familien har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Svære greier for eit lite folkband - ikkje rart det er på tide å gå i seg sjølv.

Snart skal Frøkedal & Familien spele inn ei ny plate, og sidan det heile skal gjerast live i studio, er det duka for litt av ein thriller. For å bli klare, inviterer dei til miniserien «Familieterapi» på Hærverk, der du gjennom tre konsertar kan følge den dramatiske...

Tickets
Ordinær 200 NOK
-
0
+
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve