Your cart is empty

STEMT Jubileumskonsert

Doors open at 17:00

STEMT Jubileumskonsert

Vaksen

375,00 NOK

Ungdom/student/honnør

270,00 NOK
Advertisement
Organizer
STEMT
Open from 22.11.2025 17:00
End time 22.11.2025 20:00
Location
Volda kyrkje
Blandakoret Stemt markerer 10 år i 2025, og vil feire dette med ein storslått jubileumskonsert i Volda kyrkje.

Stemt er eit ungt kor i stadig utvikling, med stabile, røynde songarar og kvalitetsbevisst jobbing mot nye mål. Med sin dyktige dirigent Siv Kristin Aurdal i spissen, har Stemt hausta mange lovord dei siste åra. Særleg for sin særeigne klang og uttrykk.

Med denne festkonserten ønsker koret å syne den musikalske reisa dei har hatt så langt. Konsertrepertoaret vert variert, og spenner frå folketonar, viser, jazz og poplåter til klassiske perler og sakral musikk for kyrkjerommet. Med Volda kyrkje sitt unike klangrom som utgangspunkt, vil ulike plasseringar og forflyttingar i kyrkjerommet også bidra til eit variert utrykk.

Sjølv om Stemt er etablert som eit godt ´a cappella-kor´, vert det likevel noko instrumentalmusikk å høyre denne kvelden. Pianist John Inge Leira Bjøringsøy og felespelar Leiv Arne Nydal vil bidra saman med Stemt på nokre av nummera. I tilegg til dette er alle tidlegare medlem er invitert med til eit storkor på nokre av dei musikalske høgdepunkta for konserten.

Stemt ønskjer med dette hjarteleg velkommen til festkonsert – Stemt 10 år!

Dei 150 første som kjøper billett (innan 11. november), får reserverte plassar!
Merchant legal name STEMT
VAT 918109951

A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).

Advertisement